Om huset

Følg oss på Facebook

1. Generell informasjon
Stord kulturhus vart oppført i 1978 og har i dag status som eit regionalt kulturhus. Aktivitetsnivået veks stadig og femner vidt, og me legg vekt på å vera eit inkluderande og levande hus for alle aldersgrupper. Stord kulturhus er drifta av Stord kommune.

Desse kommunale tenestene har fast tilhaldsstad i Stord kulturhus:
- Eining for kulturtenester
- Stord folkebibliotek
- Stord kulturskule

2. Opningstider

Stord kulturhus har følgjande faste opningstider:

Måndag til torsdag 08.30 - 22.00
Fredag   08.30 - 23.00
Laurdag 09.30 - 22.00
Sundag 14.00  - 23.00

Merk at dette er dei faste opningstidene for huset. Det kan vera endringar i høve desse tidene når det er høgtid eller ferietid. 

PÅSKEN  2017: Kulturhuset er stengt langfredag og stenger påskeafta kl 17.00.


3. Telefontid
Telefontida til kulturtenester og administrasjonen for kulturhuset er som følgjer:
Måndag til fredag 09:00 - 15:00

Telefonnummeret til sentralbordet er 53 49 69 50.
Ynskjer du å ringja administrasjonen før klokka 09:00 må du nytta direktenummer.

4. Lokale
Stord kulturhus er mykje nytta av både lokale og eksterne lag og arrangørar. Her er ei oversikt over dei lokala som du finn i huset:

1. etasje:
- Storsalen. Teater-, konsert- og kinosal. Fast spelestad for Riksteatret. Kapasitet: 408 seter. Tilhøyrande garderobeanlegg med 3 sminkeceller.
- Småsalen. Kino- og konferansesal. Kan og nyttast til mindre konsertar. Kapasitet: 136 seter.
- Symjehallen. Offentleg badeanlegg og treningsanlegg for symjegrupper.

Underetasje:
- Kunsthallen. Utstillingslokale som og kan nyttast til konsertar, møter e.l. Kapasitet: ca. 150 personar.
- Kultursenteret. Møte/festlokale med tilhøyrande kjøken og dansesal. Kapasitet: 35-40 personar.

2. etasje:
- Møterom 1. Møterom med whiteboardtavle. Kapasitet: 25 personar.
- Møterom 3. Kapasitet: 14 personar.
- Møterom 5. Kapasitet: 20 personar.
- Stord folkebibliotek
- Kulturadministrasjon/ eining for kulturtenester
- Administrasjonen til Stord kulturskule

Informasjon om utleige.

Scenerommet.no

_
_
_