Bukkene Bruse på Badeland

Victoria Productions AS presenterer sin versjon av Bukkene Bruse på Badeland

Dei tre Bukkene Bruse skal som vanleg til seters for å gjera seg feite, men på vegen oppdagar dei eit Badeland. Kva er no dette for noko rart? Kanskje det er noko morosamt og spanande? Dette må prøvast.

Morosamt er det og det blir sanneleg spanande også, for Trollet er blitt lei av å sitja under brua å venta. Og når det kjem Troll til Badeland, blir det både spanande og vått!

Eventyret om Bukkene Bruse på Badeland har vore ein eventyrlig suksess i Riksteatret sin dokketeaterversjon. No kjem ein splitter

ny produksjon av denne moderne klassikaren for barn til Kulturhuset med skodespelarar i alle rollene.

NB! Fare for Troll...

Etter framsyninga kan alle som har lyst få møta Bukkene Bruse

Det varer i ca. 45 minuttar


Dramatisering – Tine Thomassen

Regi – Bjørn Sæter

Musikk – Marius Podolski

Scenografi – Per Olav Austdahl

Kostymer – Marianne Forsberg

Masker – Ingfrid Hvasset

Produsent – Victoria Productions AS


Billettar til Bukkene Bruse på Badeland

  1. Fre 2. mar kl 18:00 210 kr   Storsalen Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_