Falturiltufest!

Opplev festivalforfattar Per Olav Kaldestad med bandet Morgonfrosken, barnekoret Levande lys, Aspane og dansarar frå Stord kulturskule i ei skikkeleg festframsyning! Her blir det og presentasjon av vinnaren av Sunnhordlandslåten 2017!

For den spretne, nyfikne og undrande Morgonfrosken er ingen tema for store eller for små. Universet, einsemd og kjærleik går hand i hand med vêr og vind, fugl og frosk. Musikken er ei fin blanding av norsk folkemusikk, viser og pop, og tekstane er henta frå boka Når Morgonfrosken syng av Per Olav Kaldestad.

Med den eminente folkemusikaren Annlaug Børsheim i spissen har trioen spelt ei rekke konsertar dei siste åra, mellom anna på Førdefestivalen, på Bajazz i Bergen og Badnajazzen på Voss. Hausten 2016 kom den fyrste plata til Morgonfrosken, med namnet «Og fjøla blei ein seglbåt og tanken blei ein vind». Den hausta mange godord frå både store og små tilhøyrarar.

Morgonfrosken:
Annlaug Børsheim – vokal, gitar, fele
Ingemund Askeland – banjo, klarinett, munnspel
Mari Skeie Ljones – fele og hardingfele
Linn Frøkedal – tangentar, bass og gitar
Kåre Opheim – trommer

Foto Morgonfrosken: Ingerid Jordal


Billettar til Falturiltufest!

  1. Søn 5. nov kl 17:00 150/100 kr   Storsalen Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_