Flygeljazz i Storstova

STORAAS/YTTREDAL DUO OG SVEIN OLAV HERSTAD TRIO

STORAAS/YTTREDAL DUO

VIGLEIK STORAAS - piano

TOR YTTREDAL - saksofon, føyte

Denne duoen starta eigentleg for over 30 år sidan då Vigleik Storaas og Tor Yttredal byrja å spela saman. Samarbeidet er likevel ikkje blitt dokumentert på plate før vinteren 2015 med CD-en ”Chamber”. Albumet har fått svært positiv omtale. Tor og Vigleik har spelt saman i mange ulike samanhengar, først og fremst i Fair Play med Elin Rosseland. Materialet  består nesten utelukkande av originalkomposisjonar, men ein del av temaene er av ”standardlåtkarakter”. Sidan dei to har kjent kvarandre og spelt  saman i så mange år, er mykje av det som blir presentert, basert på improvisasjon og intuisjon, slik at ein ikkje alltid veit kva veg musikken vil ta. Intensjonen med Chamber har vore å nærma seg ein meir klassisk europeisk interpretasjon og utvikla ein kammermusikalsk kompetanse når det gjeld dynamikk , rytmikk , harmonikk og melodikk , utan å gi slepp på jazzmusikkens idiomatiske og muntlegbaserte uttrykk. 

Tor Yttredal er fødd og oppvaksen på Stord og har store deler av familien sin her.


SVEIN OLAV HERSTAD TRIO

SVEIN OLAV HERSTAD - piano 

MAGNE THORMODSÆTER - kontrabass 

HÅKON MJÅSET JOHANSEN - trommer

Svein Olav Herstad spelte med etablerte jazzmusikarar allereie i ein alder av 16 år. Han begynte seinare på jazzlinja i Trondheim. No, med 30 års erfaring som forskande og hardtarbeidande jazzpianist, har han utvikla eit eige uttrykk som er basert på brei kunnskap om tradisjonen, teknisk briljans, klangbehandling i verdsklasse, kombinert med nyskapande og innovativt fokus. Han har ein fingerspitzgefühl av ei anna verd og eit register som spenner frå det lyriske og elegante til ein sjeldan råskap.

Svein Olav Herstad Trio består i tillegg av Magne Thormodsæter og Håkon Mjåset Johansen, to av dei aller fremste instrumentalistane i landet. Trioen har eksistert i denne forma sidan 2005. 

Svein Olav Herstad budde nokre av barneåra på Stord. Magne Thormodsæter gjekk i si tid på musikklinja ved Stord vidaregåande skule. 

Konserten er eit samarbeid mellom Flygelkomitéen /Stord Musikkråd, Stord Jazzklubb og Stord kommune, Kulturhuset.   


Billettar til Flygeljazz i Storstova

  1. Søn 8. okt kl 18:00 350 kr   Storsalen Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_