Gjengangere

Er det mogeleg å legga fortida bak seg?

Me har så mykje me  gjerne skulle gjort annleis.  Ein urett me gjorde. Ein sjanse me ikkje tok. Eit val me ikkje våga. Om det berre kunne gjerast om att! Men det er for seint. Skaden har skjedd. Me veit det. 

Me prøver å gløyma det. Men var det alvorleg nok, vil det før eller sidan heimsøkja oss. På same måte er det med familien me kjem frå. Den avgjer kven me  blir. Uansett kor mykje me freistar fri oss frå det generasjonar har gjort før oss. Det er dette det handlar om i Gjengangere – Ibsens kanskje aller skarpaste og samstundes mest gripande skodespel. 

Fru Alving sendte Osvald bort når han var liten. Ho ville ikkje at sonen skulle veksa opp i same huset som den utsvevande far sin. Men når Osvald kjem heim etter farens død, blir det ikkje det gledelege gjensynet fru Alving har sett fram til. Sonen er alvorleg  sjuk, og han lastar seg sjølv og det glade kunstnarlivet han har levd i Paris. Men fru Alving – som aldri har fortalt sanninga om mannen sin  – innser desperat at årsaka er ein annan. Det er fortida som innhentar henne – og skamma over alt hun har halde skjult og over sviket mot kjærleiken til mannen ho eigentleg elska, pastor Manders. 


Fru Alving er den mest samansette og engasjerande av alle Ibsen sine kvinneskikkelsar. Ho er også i nær slekt med Nora i Et Dukkehjem, som blei skrive to år tidlegare. Men der Nora bryt opp og forlèt både mann og barn, gjer fru Alving det motsette: ho blir. Og gradvis blir ho låst fastare til det livet ho har levd. Og prisen for det blir høg.



På scenen: Per Egil Aske, Gunnar Eiriksson, Madalena Sousa Helly-Hansen, Gjertrud Louise Jynge og Lasse Lindtner .

Regissør: Bentein Baardson. Scenograf: Bård Lie Thorbjørnsen. Kostymedesignar: Ingrid Nylander. Lysdesignar: Eivind Myren. Lyddesignar: Nils Wingerei. Produsent: Anita Basmo Bjørnstad


Framsyninga varer i 2 timar 20 minuttar (inkludert pause).

Premiere: Oslo / Nydalen 31. august 2017


Opplev meir: Gratis Ibsen-intro ved dramaturg Tine Thomassen

Løgner og løyndommar  - Familien er ein farleg stad.

Kva ville Ibsen med Gjengangere? Kvifor var både publikum og presse sjokkerte og sinte då skodespelet kom ut i 1881? Kvifor hadde stykket urpremiere i Chicago? Kven er desse gjengangarane? Kvifor må familiar vera lukkelege? Kan det vera rett å ofra seg? Kva er det å realisere seg sjølv? Er det mogeleg å legga fortida bak seg? Korleis ser me på Gjengangere i forhold til dei andre skodespela  til Ibsen? Og kvifor rører Gjengangere oss også i dag? Velkomen til ein gratis introduksjon av Gjengangere ved dramaturg Tine Thomassen.

Småsalen kl 18.30 – 18.45 



Produsert av Riksteatret



Billettar til Gjengangere

  1. Mån 27. nov kl 18:30 Småsalen Ope arr.
  2. Mån 27. nov kl 19:00 390 kr   Storsalen Få billettar
Vis hele programmet
_
_
_