Messias

Stordkoret framfører Messias av Georg Friedrich Händel

Händels Messias (originaltittel The Messiah) er det mest kjende oratoriet til den tyskengelske komponisten Georg Friedrich Händel.

Händel komponerte oratoriet i tida frå 22. august til 14. september 1741, og det vart urframført i Dublin 13. april 1742. I mars året etter sette han verket opp i London, til stor begeistring, og sidan sette Händel verket opp kvart år, i noko ulike versjonar. Händel sette gjerne verket opp til inntekt for hittebarnhospitalet i London.

Sjølv om Händel fyrst sette opp Messias til påske, vert oratoriet i Noreg helst assosiert med julemusikk.

Medverkande:

Stordkoret dirigert av Liv Kari Bru

Sopransolist: Maria Bersås

Altsolist: Ranveig Hagen Leseth

Tenorsolist: Arne Kvarven

Bassolist: Thomas Røsholt

Profesjonelle musikarar, dei fleste frå Stavanger Symfoniorkester, under leiing av Eirik Stavenes


Kunstverket på plakaten er laga av Janne Robberstad





Billettar til Messias

  1. Lau 2. des kl 18:00 310 kr   Sveio kyrkje Kjøp
  2. Søn 3. des kl 18:00 310 kr   Nysæter kyrkje Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_