Misjonæren og Hedningen

Revy med Per Inge Torkelsen, Torolf Nordbø, Han Innante og musikarar.

"Revyen skal først og fremst gje folk tett med gapskratt og mang ei ”kosa-stund”.  Torolf syng  både vakre og humoristiske viser som bl.a. er kjend frå NrK Tv og Norsktoppen.   Mykje av humoren handlar om humoristiske opplevingar frå oppveksten, Per Inge i byen  og og Torolf  frå landet.

Per Inge og Torolf har vore kameratar sidan 1971. Dei jobba saman i den revygruppa som ”Løgnaslaget” sprang ut frå. Den begynte på lærarskulen i Stavanger. Denne gruppa vitja forresten Lærarskulen på Stord to gonger på 70-talet.

 Per Inge og Torolf har arbeidd mykje saman opp gjennm åra, sjølvom dei har svært ulik religiøs ståstad. Per Inge kaller seg ateist og er medlem i humanetisk forbund, mens Torolf er kristen og aktiv i menighet. Torolf har også vore misjonsarbeidar i Congo, eller ”misjo-nokså-nær” som Per Inge Torkelsen kallar det. 

I revyen tek dei difor også for seg ulikhet i livvsyn .

Forutan Torolf som syng spelar gitar  og munnspel,  har dei med seg  ein gitarist og bassist."



Billettar til Misjonæren og Hedningen

  1. Fre 26. jan kl 19:00 360 kr   Storsalen Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_