Parr i hjarte - Stord kulturskule og Maria Parr

Stord kulturskule saman med Maria Parr - ein av dei mest populære barnebokforfattarane i landet!

Dei to bøkene Maria Parr har gjeve ut tidlegare er omsette til ei rekke språk, og har motteke litteraturprisar i inn- og utland. No er ho rykande aktuell med Keeperen og havet, oppfølgaren til debutboka Vaffelhjarte. Den nye boka har allereie fått strålande meldingar, blant anna terningkast fem i VG, og Aftenposten sin meldar konkulderer med at: «Parr er tilbake og overgår seg selv». Maria Parr deltek her under Stord kulturskule sin store konsert i kulturhuset, torsdag 9. november.

Foto: Agnete Brun


Billettar til Parr i hjarte - Stord kulturskule og Maria Parr

  1. Tor 9. nov kl 18:00 100/50 kr   Storsalen Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_