Prisen

I Riksteatret si oppsetjing Prisen møter du Kim Haugen, Helge Jordal, Iren Reppen og Per Frisch. Prisen blei nyleg sett opp på Broadway med Danny DeVito i ei av rollene og Obama på besøk!

Får me det livet me fortener? Arthur Miller er ein svært framståande og populær amerikanske dramatikar. Miller står dessutan tydeleg i tradisjonen etter Ibsen, og har difor ein særleg appell til oss her i landet.

To vaksne brør møtest for å fordela det som står att på loftet etter far deira. Dei har ikkje sett kvarandre på mange år - den eine valte plikt, den andre karriere. Yngstebroren har med kona, som vonar denne arven kanskje kan vera byrjinga på noko nytt. Og så har dei fått tak i ein gamal brukthandlar for å få arvegodset verdsett. Men denne brukthandlaren har levd eit langt og omskifteleg liv. Han veit at det sjeldan er samsvar mellom prisen du betaler og verdien av det du får.

Prisen er eit intenst kammerspel for fire menneske som kvar på sitt vis har prøvd å vera tru både mot eigne mogleikar og mot dei krava som har vorte stilte. Men: har dei betalt for høg pris for livsvala sine? Det er spanande, det er opprivande – og det er underhaldande!

Med denne framsyninga skal Riksteatret by på teater med ein vittig, engasjerande og utfordrande tekst, levandegjort av fire store skodespelarar, signert regissør Kjetil Bang-Hansen. Det er når prosjekt som dette kjem på besøk til heile landet, at Riksteatret både blir unikt og nødvendig.

Premiere i Nydalen, Oslo 9. februar
Turnépremiere i Verdal 12. februar
På scenen: Per Frisch, Kim Haugen, Helge Jordal og Iren Reppen.
Regissør: Kjetil Bang-Hansen.
Scenograf: John-Kristian Alsaker.
Produsent: Anita Basmo Bjørnstad

Framsyninga varer i 2 timar 20 min. (inkludert pause). Produsert av Riksteatret


Billettar til Prisen

  1. Mån 23. apr kl 19:00 400 kr   Storsalen Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_