Pulverheksa og vennene hennes

Velkomen til ei heilt ny framsyning med Maj Britt Andersen og alle kjenningar frå Pulverskogen!

Alle gler seg til det store ballet hos Draumeprinsen. Men ... alt er ikkje som det plar vera i Pulverskogen. Tjuven er blitt sint på Politimannen og vil ikkje vera tjuv lenger. Og Politimannen er sur på Tjuven fordi han blir arbeidsledig når ikkje Tjuven vil vera tjuv. Ingen av dei vil koma på ball dersom den andre kjem. Og Krokodillen kvir seg til vinteren, så han lurer på om han skal flytta til Afrika.

Alt dette gjer Draumeprinsen så trist at han ikkje vil vera draumeprins meir. Dessutan er det en diger, skummel skapnad som lear seg mellom trea og set store fotspor overalt, og gjer alle redde. Kva er det som skjer i Pulverskogen? Blir det ikkje fest? Alt var jo så bra i verdas finaste Pulverskog. Kanskje Pulverheksa kan hjelpa?

Velkommen til ei varm og fargerik framsyning. Enno ein gong er det den barnekjære Spellemannpris-vinnaren Maj Britt Andersen som spelar Pulverheksa – noko anna ville truleg ført til opprør rundt om i kulturhusa! Og eitt er sikkert: ingen stader er Pulverheksa meir spel levande enn i teateret! Ein spesiell velkomst til alle små og store troll som skal på teater for aller første gong.

Pulverheksa og vennene hennes høver for barn frå 3 år.

Urpremiere i Nydalen, Oslo 29. mars 2017. Turnépremiere i Gjøvik 20. april 2017

På turné vår og haust 2017.



På scenen:  Maj Britt Andersen, Janne Starup Bønes, Jørn Morstad og Haakon Strøm.
Regissør: Ivar Tindberg. Komponist: Geir Holmsen. Scenograf: Christine Lohre. Dokkedesignar: Grete Larssen.

Framsyninga varer i 45 minuttar (ikkje pause)

Produsert av Riksteatret.


Kle deg ut som Pulverheksa og vennene hennar.

Når Drømmeprinsen inviterer til ball på slottet, må Pulverheksa og vennenes hennar pynta seg litt ekstra.  Me vonar at også du har lyst å kle deg ut og pynte deg til ball.Velkommen til ball med Pulverheksa



Billettar til Pulverheksa og vennene hennes

  1. Tor 7. sep kl 18:00 210 kr   Storsalen Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_