Stallturiltu med Anna Fiske

Bli med på ei kneggande god stund på Stord hestesportsenter! Anna Fiske fortel ting du gjerne ikkje veit om hestar, hundar og kattar. Etterpå blir det blir kafé, barneridning, hesteskokasting og rideoppvisning.

Anna Fiske har gjennom ei årrekke bidrege med sin særeigne strek, både i teikneseriar, som illustratør, og som forfattar av eigne bøker. Hennar leikne, kreative nyskaping innan barnebokfeltet har gjort henne svært populær, og gjeve henne fleire høgthengande priser. Ho har blant anna vunne Bokkunstprisen, og har stått på pallen i Årets vakreste bøker fleire gonger. Hallo-bøkene hennar er kanskje spesielt populære, og Fiske er vinnar av Skolebibliotekarenes litteraturpris 2016.

Foto: June Witzøe


Billettar til Stallturiltu med Anna Fiske

  1. Søn 5. nov kl 14:00 50 kr   Stord hestesportsent Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_