Stein Torleif Bjella - Falturiltu

Stein Torleif Bjella med fullt band kjem til Arena på Falturiltu 2017 sin opningsdag!

”Bjella & Co har lagd det komplette  album”, skreiv Dagbladet og trilla seks på terningen, då Stein Torleif Bjella sleppte sitt fjerde soloalbum, Gode Liv i 2016. Visekunstnaren sin solide katalog veks seg stadig større, og som iTromsø.no sin anmeldar poengterte i si melding: "Stein Torleif Bjella gjør det umulige mulig, nemlig å finne opp seg selv hver gang".

Stein Torleif Bjella gjorde seg kjent allereie med solodebuten Heidersmenn i 2009. Albumet blei svært godt motteke, og gjorde seg fortent til to spellemann-nominasjonar. To år seinare kom oppfølgaren Vonde Visu som, om mogleg, blei endå betre motteken. Heim for å døy avslutta trilogien i 2013. 

Bjella er like god på små, intime klubbscener så vel som på landets aller største festivalscener. «Overveldende fantastisk, rett og slett», skreiv Dagbladet sin meldar etter å ha sett Bjella på Øya i 2011, og trilla seksar på terningen. «Gleden ved å være sørgmodig», konkluderte VGs anmeldar, etter å ha sett han på samme festival tre år seinare. 

STÅKONSERT. KONSERTSTART 20:00. DØRENE OPNAR 19:00.



Billettar til Stein Torleif Bjella - Falturiltu

  1. Lau 4. nov kl 20:00 350 kr   Arena Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_