Taremareby - Teaterfestivalen

Stord teaterlag si oppsetjing av Taremareby er først ut blant stykka på laurdag. Teaterguruen Sigurd Sele og Spinae Company står for den offisielle opninga av festivalen!

Møt alle flyndrene og vesle Flyndrefrøken Fine og  den store farlege Krabbe Krølle som krev å få gifta seg med henne. Møt dei komiske vaktene til Krabbe Krølle og den flinke Flyndrefanten, den energiske Gunda Sjømus, den overreinslege Emma Sjømus og den strenge Sverdfisken. Kom og sjå dei søte smårekene i rekeballetten og dei 6 fine og jålete rekefrøknene. 

Kva skjer dersom Krabbe Krølle giftar seg med Flyndrefrøken Fine og blir den nye kongen på havbotnen?

Framsyninga høver for alle.



Billettar til Taremareby - Teaterfestivalen

  1. Lau 01. apr kl 10:00 80 kr   Storsalen Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_