Terje Sporsem: Religion

Gjer deg klar til eit av årets morosamste og mest omtalte standup-show!

Terje Sporsem si nye framsyning «Religion» har alt begeistra både kritikarar og publikum over heile landet. Med sin avvæpnande og morosame stil på scenen får han både dei med ei tru, og dei som ikkje trur, til å le både av seg sjølve og ikke minst av dei merkelege hendingane som ligg bak dei fleste religionar. 

Kva fekk ein gjeng trøndarar til å konvertera til islam og til å reisa til Syria for å kjempa med IS? Kvifor protesterte ingen då Abraham ville omskjera alle? Bør ein eigentleg leva etter Dalai Lama sine visdomsord?  Og kvifor ønska ikkje Muhammed å bli avbilda? Dette er nokre av spørsmåla Terje stiller seg i det nye showet.

Den prisvinnande regissøren Per-Olav Sørensen har regien. Han har m.a. stått bak verdssuksessar som «Nobel» og «Kampen om tungtvannet». Dette er det tredje humorsamarbeidet til Terje og Per-Olav. 


Pressa har m.a skrive: 

«Humoristiske åpenbaringer» - Dagbladet - Terningkast 5  

«Sporsem frykter ingenting» - Moss Avis - Terningkast 5 

«Seriøst morsomt» - Vårt Land 

«Guddommelig stemning» - Drammens Tidende 

«Terje Sporsem er befriende langt fra komikertrenden som herjer vårt land»  -Aftenposten 




Billettar til Terje Sporsem: Religion

  1. Fre 16. feb kl 19:00 385 kr   Storsalen Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_