Til naturen

Eit konsertsamarbeid mellom Terje Isungset, Stord Jazzklubb og Stord kulturskule.

«Til naturen» er eit konsertsamarbeid mellom Terje Isungset, Stord Jazzklubb og Stord kulturskule. Konserten hyllar naturen og minner oss på at me må ta vare på den. 

I fyrste del av konserten får me høyra T. Isungset og hans band i «Ice Music», her spelar musikarane på instrument laga av is. I andre del av konserten er T. Isungset i samspel med elevar frå kulturskulen, musikklina ved Stord vidaregåande skule og elevar frå 7. trinn på Leirvik skule, nærare 100 elevar tek del. 

Terje Isungset

Ice Music

Stord Jazzklubb

Foto: Emile Holba, Bjørn Furuseth

Billettar til Til naturen

  1. Tor 30. nov kl 18:00 200/75 kr   Storsalen Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_