Utleige

I huset sine opningstider er det alltid ein ansvarleg kulturhusvert på jobb som du kan venda deg til. Telefonnummer til kulturhusvert er 53 49 69 56.


1. Lokale som er til utleige

1.1) Storsalen
1.2) Småsalen
1.3) Symjehallen
1.4) Kunsthallen
1.5) Kultursenteret
1.6) Møterom 1
1.7) Møterom 3
1.8) Møterom 5
1.9) Vestibyle 

1.1) Storsalen
Storsalen er hovudsalen i Stord kulturhus og er ein amfisal med 408 seter fordelt på 18 rader. Ynskjer du å arrangera tilstellingar som konsert, teater e.l. gå til sida merka "For arrangørar".

1.2) Småsalen
Småsalen er ein mindre amfisal med 136 sete. Høver godt til enkel konferansebruk utan store krav til utstyr. Tilkopling til lyd/ bilete frå PC og mikrofon må avtalast i god tid føre arrangementet. Det finst trådlaus internett på bygget.

1.3) Symjehallen
I symjehallen er det eit hovudbasseng (25m x 12,5m) og eit lite basseng for barn. Her finst og stupetårn og vassklie. Temperatur ca. 28 grader i hovudbasseng og ca. 32 grader i barnebasseng. Sjå under for spesielle vilkår som gjeld ved utleige symjehall.

1.4) Kunsthallen
Utstillingslokale som også kan nyttast til mindre konsertar/ møte. Det er ikkje faste stolar i kunsthallen, men det er eit lager like ved med stolar og bord som ein kan nytta seg av.

1.5) Kultursenteret
Lokalet er delt inn i tre rom: Samlingsrom med stolar og bord (omtrent 35 personar), ein mindre speglsal/dansesal og kjøken.

1.6) Møterom 1
Møterom med whiteboardtavle, lerret og videokanon. Plass til 20-22 personar.

1.7) Møterom 3
Møterom. Plass til 10-12 personar.

1.8) Møterom 5
Møterom med whiteboardtavle. Plass til 10-15 personar.

1.9 Vestibyle
Vrimlingsareale der det er mogleg å stilla ut, ta kontakt med einingsleiar for meir informasjon.


2. Utstyr

På møterom 1 er videokanon inkludert i leiga. Elles kan følgjande utstyr leigast:

- Videoprojektor
- Trådlaust system (mikronon/ mygg). Sjå og informasjon her.

Lån og leige av utstyr må avtalast i god tid på førehand.

3. Leigevilkår/ leigereglement for Stord kulturhus:

3.1 Leigetakar plikar å setja seg inn i dette leigereglementet og oppslag for rømingsvegar (dette finn du i lokalet). Leigetakar er ansvarleg for å evakuera alle personar i leigte lokale via næraste rømingsveg. Øverste brannansvarleg er Stord kulturhus sin kulturhusvert (53 49 69 56).

3.2 Leigetakar kontaktar Stord kulturhus sin kulturhusvert for opplåsing/ stenging av lokale. Kulturhusvert kan du nå på telefon 53 49 69 56, eller ved å kontakta personalet i billettsalet når dette er ope. Leigetakar er ansvarleg for lokalet og bruken av dette heilt til det er fullstendig låst av.

3.3 Leigetakar skal sørga for at leigte lokale er klargjort for ny utleige etter bruk. Det vil seie at leigetakar har ansvar for all rydding. Stolar og bord skal setjast attende slik dei var plassert før utleiga. Om bord og stolar er henta frå lager eller andre lokale, skal dette setjast på plass att på ein ryddig måte. Stolar skal stablast med 7 stolar i høgda, ikkje meir, ikkje mindre.  Alle lys skal slukkjast. Har ein nytta kjøken/ kjøkenutstyr skal alle benkeflater reingjerast, og alt bestikk, glas e.l. skal setjast inn i oppvaskmaskin. Denne må setjast på før ein forlet lokalet. Gje melding til kulturhusvert om at oppvaskmaskin er satt i gong.

3.4 Har leigetakar nytta utstyr frå Stord kulturhus som videokanon, overhead, trådlause mikrofonar e.l. skal dette returnerast til ansvarleg kulturhusvert. Om leigetakar forlet lokalet ulåst, er leigetakar ansvarleg for alt utstyr som tilhøyrer kulturhuset, og er såleis erstatningsansvarleg ved tjuveri e.l. Alle manglar/ feil med utstyr må meldast frå med det same, om ikkje er leigetakar erstatningspliktig.

3.5 Ved skade eller tjuveri som gjeld Stord kulturhus sitt anlegg/ inventar/ utstyr under utleigeperioden, er leigetakar erstatningspliktig.

3.6 Ved utleige av symjehallen gjeld spesielle vilkår. Om ein ikkje nyttar seg av kulturhuset sine badevakter må det signerast ansvarserklæring.

3.7 Avbestilling av leige seinast 3 dagar før utleigetidspunktet. Faktura vert sendt i etterkant av arrangement. Gebyr kr. 50,- på ordrer under kr. 500,-. All utleige kan betalast kontant/ med kort i billettsalet i opningstida. Opningstider og leigeprisar: stord.kulturhus.no

4. Leigeprisar
Oppdaterte leigeprisar finn du ved å klikka på fana merka Leigesatsar.


5. Utleige av symjehall

Symjehallen i Stord kulturhus skal vera ein møtestad der tryggleik og hygiene alltid er i fokus. Utleigar er ansvarleg for at gjeldande lovar og forskrifter vert følgt opp, difor er det naudsynt at alle leigetakarar innfrir dei krava me stiller til utleige. 

Det er ein forutsetning at det er kompetente livreddarar til stades ved utleige av symjehallen. Stord kulturhus sine badevakter kan leigast inn, eller leigetakar må sjølv stilla med naudsynt kompetanse. I siste tilfelle må det fyllast ut ein eigen ansvarserklæring føre utleiga kan stadfestast. 

Ansvarserklæring i pdf. format finn du ved å klikke på denne lenka.


6. Kinoframsyningar i privat regi

Kontakt kinosjef, sjå kontakt oss.

_
_
_