A Man Called Otto

Om filmen

Originaltittel: A Man Called Otto

Premiere: 2023-01-20

Varighet: 2t 5min

Sjanger: Komedie, Drama

Aldersgrense: 12 år

Originalspråk: Original

Regissør: Marc Foster

«A Man Called Otto» er ein dramakomedie basert på Fredrik Backman sin kritikarrosa, suksessrike roman «En mann ved navn Ove», og filmen med same namn. 

«A Man Called Otto» er historia om Otto Anderson (Tom Hanks), ein gretten gamal gubbe som ikkje lenger ser meininga med livet etter tapet av kona. Men så flyttar ein livleg, ung familie inn i nabolaget. Otto møter si overkvinne i den rappkjefta Marisol. Ho utfordrar han til å sjå livet frå ei anna side. Det vert starten på eit usannsynleg venskap som snur verda hans på hovudet. «A Man Called Otto» er ei hjartevarm og morosam historie om kjærleik, tap, og livet – og syner at ein av og til kan finne familie der ein minst ventar det.