Alt skal bort

Om filmen

Originaltittel: Alt skal bort

Premiere: 2025-03-14

Varighet: 1t 44min

Sjanger: Komedie, Drama, Coming of age

Originalspråk: Norsk

Regissør: Arild Østin Ommundsen

Vårens finaste norske film er ein varm dramakomedie laga av Stavangerbølgens far, Arild Østin Ommundsen. Saman med sin faste samarbeidspartner Silje Salomonsen gjorde dei stor suksess med familiefilmen «Tottori! Sommeren vi var alene» og NRK-serien «Evy og alltid», som er sett av over 800 000 menneske. No har dei skrive «Alt skal bort», som er ein coming-of-middle-age-film om søskenkjærleik og familierollar. Med seg på laget har ein av Noregs mest særeigne forteljarstemmer fått med seg kjende fjes frå scene og skjerm, samt Thomas Dybdahl på musikk.

Tre vaksne søsken kjem saman for å tømme barndomsheimen. Det som byrjar som ei praktisk oppgåve, utviklar seg til eit kjensleladd oppgjer med gamle konfliktar, uforløyste minne og spørsmål om kva som eigentleg betyr noko i livet. Gjennom humor, sårbarheit og varme utforskar filmen tema som familie, arv og identitet – og korleis vi finn meining i det som blir att når livet ikkje blir heilt som vi trudde. Filmen blandar drama og humor og skildrar overgangen frå å vere nokon sine barn til å bli familiens overhovud, med universelle tema som grip alle generasjonar.