Babylon

Om filmen

Originaltittel: Babylon

Premiere: 2023-01-20

Varighet: 3t 8min

Sjanger: Drama

Aldersgrense: 15

Originalspråk: Engelsk

Regissør: Damien Chazelle

Damien Chazelle er attende med eit storslege drama om å drøyme stort i Hollywood!  Livet er ein fest og filmkulturen eksploderer i Babylon, Damien Chazelle sin nye hyllest til filmkulturen, med Margot Robbie og Brad Pitt i hovudrollene.

På midten av 20-talet snik Nellie LaRoy (Robbie) seg inn på ein overdådig og stjernespekka fest i Los Angeles - her er heile A-laget i Hollywood, høg champagneføring og diverse rusmidlar i pulverform står dandert i tårn på sølvskåler. Nellie er ei stjerne, ho er berre ikkje oppdaga enno! På same festen finn vi Jack Conrad (Pitt), den største stumfilmstjerna i samtida. Lydfilmen står for tur, og kva vil skje med karrieren hans då? Babylon er ein hyllest til filmbransjen, ei tidlaus historie om å drøyme stort - om å vere ein del av noko større enn seg sjølv. Chazelle har tidlegare gjeve oss filmar som La La Land og Whiplash. Babylon er hans kjærleiksbrev til filmproduksjon og filmhistoria, ei reise det er umogeleg å ikkje la seg rive med på. ***Nominert til 5 Golden Globe-priser (inkludert Beste film - musikal/komedie, Beste originalmusikk, Beste kvinnlege hovudrolle, Beste mannlege hovudrolle, Beste mannlege birolle). ***Nominert til 9 Satellite Awards ***Nominert til 10 Critics Choice Awards ***Nominert til 5 Chicago Film Critics Association Award.