Bergen Mandolinband

Billetter

Om arrangementet

Sprudlande vestlandsk cajunmusikk!

Bergen Mandolinband kan etter snart 20 år under radaren med rette kallast eit sakte-veksande-band. Men som alt som veks sakte blir brennverdien desto betre. Det nyaste albumet luktar fantastisk av kjerneved!

På plata ”Koss havna me her?” forsøker bandet å finne ut av, ja, nettopp det. Gjennom titlar som ”Ferdig med Hans”, ”I helvetes flammer”, ”Speletryne” og ”Kjørbar stand” utforskar dei livets både lyse, og meir bitre sider. Bandet til forfattar Gaute M. Sortland forsøker å svara på kor det heile starta og kva som skjedde, og kva som stadig skjer, undervegs.

Musikalsk drar det seg stadig lenger sørover, i Cajun/Creole-landskapet. Melodiane er stort sett tradisjonelle og er henta direkte frå Louisiana av folkemusikar og felespelar Olav Christer Rossebø. Dei melodiane som ikkje er tradisjonsstoff er laga av Sortland. Musikarane er elles kjend frå diverse band som Lady Hardanger, Frøkedal og familien og I was a King. Produsent for det siste albumet er Anne Lise Frøkedal.

Foto: Kim Ramberhaug