Billettsalet

Billettkjøp her på nettsida
Her på stord.kulturhus.no kan du enkelt og sikkert kjøpa billettar, berre trykk på "Kjøp"knappen på framsyninga. Når kjøpet er gjennomført får du billetten på e-post. Du treng ikkje skriva ut billetten dersom du kan visa e-posten frå mobiltelefonen din når du kjem til kulturhuset. Me rår deg til å oppretta profil og logga inn når du kjøper billettar. 

BILLETTAVGIFT: Det blir lagt til ei billettavgift på kr 6 pr kinobillett som vert selt på nett. 

Billettkjøp med app på telefonen
Appen eBillett er kanskje den aller raskaste og lettaste måten å finna og å kjøpa billettar. Last ned eBillett for iPhone eller Android.

Fristar ved reservering av billettar
Det er ikkje mogleg å kjøpa billettar på internett når det berre er ein time att til framsyninga. 

Følgjeprov
Billettar ligg som eigen billettkategori på alle framsyningar. 

Refusjon av billettar

Kjøpte billettar vert ikkje refunderte. Dette gjeld både ved kjøp på internett og kjøp direkte i kiosken. Det er ingen angrerett på billettkjøp i høve angrerettlova § 19. Dersom du ynskjer å byta billetten din til ei anna framsyning kan me i dei fleste tilfelle hjelpa deg med det. 

Problem med billettkjøp på nett/app?
Oppstod det problem med billettkjøpet ditt, eller du har spørsmål knytta til ditt billettkjøp kan du finna mer info på eBillett si hjelpeside.