BJØRN & BJARTE, DEN TØFFE & DEN SARTE (18 år)
Billettar
Om arrangementet
BJØRN EIDSVÅG OG BJARTE TJØSTHEIM PÅ TURNÉ – LATTER, MUSIKK OG EIN STREIF AV NÅDE
To av dei mest folkekjære kunstnarane i Noreg, Bjørn Eidsvåg og Bjarte Tjøstheim, slår seg saman for ein heilt spesiell turné. Med ein unik kombinasjon av varme, humor og musikalsk kvalitet, inviterer die publikum til ein kveld fylt med både latter, undring og ettertanke.
Eidsvåg og Tjøstheim har kjent kvarandre i fleire år. Dei har tøysa og tulla saman i Radioresepsjonen, og Bjørn har gjesta Bjarte sin TV-serie Presten, der han mellom anna spelte ei lettare forfylla utgåve av seg sjølv.
No foreinar dei krefter, vidd og det vesle dei har av visdom, i ei felles framsyning. Det skal vitsast og raljerast, men det skal også gjerast eit forsøk på å reflektera over små og store spørsmål, undring er dei bra på. Begge har ein kyrkjeleg bakgrunn, begge har kjent på tru og tvil, og begge veit korleis det er å komma til kort. Dei er både tøffe og sarte, og ikkje minst gode på å fella nådelause dommar over seg sjølve. Samstundes jaktar dei på nåden, på nokon som kan tåla dei som dei er.
Publikum kan forventa seg ei framsyning fylt med latter, musikk og ettertanke. Eidsvåg sitt eminente band vil sørga for musikalsk tyngde, og Tjøstheim vil også bidra med sine rytmiske ferdigheiter. Om det blir oppbyggjeleg og skjelsetjande, vitast ikkje. Men kjedeleg blir det definitivt ikkje, til det er framsyninga for kort.
"Høsten 2025 spilte vi 38 forestillinger med "Bjørn & Bjarte, den tøffe og den sarte". Nå har vi hatt en pause, men er snart klare for en ny runde. Dette er noe av det kjekkeste jeg har gjort i min karriere. Å dele scene med Bjarte Tjøstheim, er en fryd. Jeg gråter og ler under hver forestilling. Nå er jeg superklar for å fortsette med dette også ut 2026."
— Bjørn Eidsvåg
