Bjørn Eidsvåg med band

Om arrangementet

Bjørn Eidsvåg med band inntar Vikjo.

I haust skal Bjørn gjera det han likar aller best, nemlig legga ut på vegen og besøka landets krikar og krokar. Med seg til Vikjo har han det framifrå bandet sitt og ein rikhaldig katalog med kjente og kjære låtar.

Dei siste åra har Bjørn Eidsvåg spelt teaterforestillingen Etterlyst: Jesus på scenar over heile landet, fylt sjølvaste Operaen tre gonger, stått på atskillege festivalscenar, gitt ut bok, lagt ut på ein nærast utseld Noregsturné saman med Sigvart Dagsland og gitt ut sitt 28. album. I haust kjem han altså til Vikjo og Stord Kulturhus for å spela konsert. 

«Jeg og bandet ser stort frem til å innta Stord Kulturhus. Etter et stille 2020 skal det bli fint å møte publikum igjen. Gamle låter skal pusses opp, nyere låter skal presenteres og kjente sanger skal spilles som de er. Blir moro!», fortel Eidsvåg. 

Med 28 album og ei ekstraordinær formidlingsevne har Bjørn Eidsvåg opparbeidd seg ein heilt unik posisjon i norsk musikkliv. Han har laga ei rekke udødelege låtar som fleire generasjonar av nordmenn har eit sterkt forhold til. Han er ein songar og ein historieforteljar som publikum vender tilbake til år etter år. Ein konsert med Bjørn Eidsvåg er ei oppleving som egnar seg like godt i Oslo Spektrum som i kyrkjer og kulturhus.