Bjørn Eidsvåg med band

Om arrangementet

Få artistar er like folkekjære som Bjørn Eidsvåg. Etter et halvt år hundre i musikkbransjen står han som ein bauta i norsk musikkhistorie og er ein artist fleire generasjonar av nordmenn har eit sterkt forhold til. Sjølv etter ei lang og solid karriere er han stadig aktuell og evner å fornye musikkuttrykket sitt

Bakgrunnen som prest og arbeid i psykiatrien har i stor grad påverka låtane hans, men også evna hans til å formidla dei. Tallause nordmenn har eit nært forhold til dei folkekjære låtane, som "Eg Ser" og "Skyfrihimmel", og det er ikkje utan grunn at han blei omtalt som “rikstrøsteren” av Bergens Tidende. Dei nære og såre tema gjenspeglar seg også i Bjørn sine konsertar gjennom personlege historier som ber preg av både alvor og humor. Bjørn har ei unik evne til å komma tett på publikum, og det er i møte med publikum musikken og historiene får skina som mest og leva vidare i nye former.

Sidan oppstarten i 1971 har han gitt ut 28 album, spelt ca. 80 konsertar kvart år, gitt ut bok, hatt eige TV-program, radioprogram og inntatt scenen på Det Norske Teatret med den eigenskrivne teaterforestillingen “Etterlyst: Jesus”- for å nemna noko.

Det at Bjørn er nyfiken på nye musikalske uttrykk har ført til mange spennande samarbeid med kjente artistar frå Noreg, Sverige og Danmark opp gjennom åra, mellom anna duetten “Mysteriet deg” med Lisa Nilsson. Låta vant Spellemannprisen for Årets Låt og har over 10 millionar avspelingar på Spotify.

 

(Foto: Sara Angelica Spilling)