Bokbad: Frode Grytten
Billettar
Om arrangementet
Frode Grytten kjem til Stord bibliotek under Falturiltu med ein flunkande ny roman, han blir bokbada av Ingrid Leithaug Mjanger, bibliotekar ved Bømlo bibliotek.
Vinter, vinter, vinter, vår er ein roman om kjærleikssorg, om å reisa seg igjen, om å ta opp kampen mot kreftene som vil øydeleggja alt som gjer det verdt å leva.
Årets første snø fell over Buardalen då Olga ser mannen sin, Martin, gå frå huset, gå over tunet, i retning hovudvegen. Martin stansar, snur seg, ser tilbake, så forsvinn han og hunden i alt det kvite. Olga har sett mannen sin for siste gong.
Denne desemberkvelden skal kommunestyret ha julebord på Buarheim, restauranten som Olga og Martin driv i lag, under bergfall, like ved isbreen. Martin har nekta å servere politikarar som i lang tid har pressa på for å bygge hotell og gondol her.
Ordføraren og investorane vil gjerne gjøre Odda Great Again. Olga er pragmatisk og på gli. Martin er kompromisslaus og vil ikkje gi seg. Han kjem ikkje heim igjen etter den kveldsturen. Bare bikkja dukkar opp neste morgon, redd og skrøpelig.
Frode Grytten har skrive bøker i dei fleste sjangrar og har nådd eit stort publikum. Han har mellom anna vunne Brageprisen, Rivertonprisen og Nynorsk litteraturpris, og bøkene hans er omsette til 17 språk.
BILLETTAR: Det er både enkeltbillettar, dagspass og festivalpass tilgjengeleg for Falturiltu 29. - 31. oktober i Stord kulturhus. Festivalpasset gjeld for alle arrangement i Stord kulturhus frå 29.10 til 31.10.
