Den siste viking
Om filmen
Originaltittel: Den sidste viking
Premiere: 2025-11-28
Varighet: 1t 55min
Sjanger: Sort komedie
Aldersgrense: 15
Originalspråk: Original
Regissør: Anders Thomas Jensen
Filmen «Den siste viking» er Anders Thomas Jensens nyaste komedie, med Mads Mikkelsen og Nikolaj Lie Kaas i hovudrollene.
Anker blir lauslaten etter 15 år i fengsel for ran. Bror til Anker, Manfred, er den einaste som veit kvar pengane frå ranet befinn seg. Men han har i mellomtida vorte ramma av ei mental utfordring som gjer at han ikkje lenger er klar over kvar dei er gøymde. Saman legg brørne ut på ei reise attende til barndomsheimen for å finne pengane – men også for å oppdage kven dei sjølve er. "Den siste viking" er Anders Thomas Jensen sin sjette film som regissør, og det er samstundes sjette gong han samarbeider med to av dei største stjernene i dansk film – Nikolaj Lie Kaas og Mads Mikkelsen, som spelar høvesvis Anker og Manfred. Som regissør står Anders Thomas Jensen bak nokre av dei mest elska filmane i Danmark, med titlar som "Blinkende lykter", "De grønne slaktere"" og "Rettferdighetens ryttere". På rollelista finst også fleire kjende skodespelarar og gjengangarar i Anders Thomas Jensen-universet, som Sofie Gråbøl, Lars Brygmann, Bodil Jørgensen, Søren Malling, Nicolas Bro og Lars Ranthe.
