Den stygge stesøsteren
Om filmen
Originaltittel: Den stygge stesøsteren
Premiere: 2025-03-07
Varighet: 1t 49min
Sjanger: Sort komedie, Komedie, Horror
Aldersgrense: 15
Originalspråk: Norsk
Regissør: Emilie Blichfeldt
Det er ikkje lett å vere ei stygg stesøster.
”Uvanlig friskt ... lekker eventyrsatire” - terningkast 5 frå NRK ”Deilig ekstrem”? - VARIETY ”Blodig og modig”? - SCREENDAILY??” Elvira drøymer om den smellvakre jomfrubedåraren, prins Julian. Når han inviterer til ball for å finne brura si, er Elvira villig til å gjere alt for å bli den utvalde. Ho må passe inn i det nådelause skjønnheitsidealet til kongeriket , ho må rydde den fortryllande vakre Askepott av vegen, og ikkje minst, foten må passe i skoen! DEN STYGGE STESØSTEREN er ein overraskande og rå vri på eventyret om Askepott, der stesøstera har hovudrolla. Filmen er inspirert av brørne Grimm sin klassiske versjon, der stesøstera kuttar av seg tærne for å passe i skoen. Regissør og manusforfattar Emilie Blichfeldt balanserer skjønnheit og skrekk med humor i ein unik og eventyrleg spelefilmdebut. I den fyrste filmen sin briljerer Lea Myren i hovudrolla som Elvira. Thea Sofie Loch Næss spelar Askepott, Ane Dahl Torp stemora og Flo Fagerli veslesøstera Alma.