Riksteatret: Detektivbyrå nummer 2

Om arrangementet

Operasjon Teater

Barn i Noreg elskar bøkene om Detektivbyrå nr. 2 av krimforfattar Jørn Lier Horst. No blir det teater for hele familien der Tiril, Oliver og hunden Åtto må løysa eit heilt nytt mysterium!

Operasjon Teater er eit nytt oppdrag for Detektivbyrå nr. 2. Eit mysterium som berre kan opplevast når Riksteatret kjem til ditt kulturhus. For kva er det eigentleg som skjer når Riksteatret kjem til Elvestad for å spela forestillingen Hamlet? 

Kvifor har det skjedd mystiske ulyuker under heile turneen? Er teaterforestillingen forheksa eller er det nokon som saboterer? Bli med Tiril, Oliver og Åtto på eit spanande mysterium i den magiske teaterverda. 

Me gler oss til å sjå deg i teateret! Om du du vil, kan du kle deg ut i et heilt eige teaterkostyme når du kjem.

Høver for barn frå 5 år.

På scenen
Maria Agwumaro, Lars Halvor Andreassen, Janne Starup Bønes, Amalie Ibsen Jensen, Arjan Nilsen, Thomas Jørstad Pettersen og Amanda Hedvig Strand

Regissør: Hilde Brinchmann, Scenograf: Paul Sebastian Garbers, Kostymedesignar: Helena Andersson, Assisterende designar: Signe Gerda Landfald, Lysdesignar: Martin Flack, Lyddesignar, Komponist: Eirik Myhr og Produsent: Wenche Viktorsdatter Paulsen

Av Hilde Brinchmann og Jørn Lier Horst.

"Basert på bokserien Detektivbyrå nr. 2 – av forfattar Jørn Lier Horst og illustratør Hans Jørgen Sandnes".

 

Forestillingslengde: 2 timar (inkludert pause).

Premiere: Oslo / Nydalen 10. sep 2021

 

Riksteatret