Dora Thorhallsdottir LIVET ass... (18 ÅR)
Billettar
Om arrangementet
Livet ass er eit kritikarrost, morosamt og personleg show om Dora.
Ho hamna i ei livskrise då mannen hennar fekk kreft i halsen. I denne krisa trengte ho hjelp, så ho dukka ned i sitt indre beredskapslager av kunnskap- alt me er blitt fóra med gjennom livet, på jakt etter noko som kunne gjera det lettare å stå i alt saman. Showet "Livet ass" handlar om alt rælet ho fant der, alt fjaset me er blitt utsatt for: kva lærte me eigentleg av Tornerose, Snehvit og dei andre eventyra? Eller barnesongar, kva er bodskapen i Mikkel Rev eigentleg? Og er det noko å henta frå timane med Rubiks kube eller moralen i Dirty Dancing?
Kor blei det av opplæringa til livet?! Men showet handlar også om korleis det eigentleg er å vera pårørande. Det alvorlege, skamfulle og vonde får også plass her, sjølv om det er eit standup show. Kort fortalt: Ein svært humoristisk forestilling, ispedd litt livserfaring om kva som skjer når du gir alt for mykje.
Dette er Doras fjerde soloshow, som umiddelbart blei ein publikumssuksess med utselte kulturhus landet rundt. No kjem ho til oss!
