Riksteatret: Ord for blod

Om arrangementet

Viss det ikkje er trygt heime eller der ute, kor går ein då?

«Ord for blod» er ei sann historie, ein innsiderapport frå veslesøstera til den farlegaste gjengleiaren i Sverige. Det er ei sår og ærleg forteljing om å vere menneske og kvinne og hamna midt i eit dødeleg gjengoppgjer – i ei verd der vaksne ikkje er til stades.

Faysas nærmaste vennar og familiemedlemmer står på kvar si side i gjengkrigen. Ho har ikke lenger oversikt over kor mange ho har mista. Nå fortel ho historia si.

Riksteatret og Det Norske Teatret lagar teater av Faysa Idles brennaktuelle bok, «Et ord for blod». Historia hennar vedkjem oss alle, uavhengig av kven vi er eller kor vi bur. Kanskje kan Faysas forteljing opna for samtalar om korleis me kan skapa eit samfunn der me tar betre vare på kvarandre?

«Faysa Idle forteller sin historie på sterkt og ærlig vis» Dagens Næringsliv «En fortelling som river i hjertet og gir deg frysninger» Gyldendal Norsk Forlag

Framsyningslengde: 1 time 20 minutt (ingen pause).

Urpremiere i Oslo, Nydalen 7. september 2025 Turnépremiere på Rommen scene 11. september 2025

 

Med Nokokure Dahl, Hibba Najeeb, Ken-Philippe Tete og Serhat Yildirim.

Av Faysa Idle, Daniel Fridell, Theodor Lundgren. Dramatisert av Seluah Alsaati. Omsett til nynorsk av Ingelin Røssland. Regissør Affe Ashkar. Scenograf og kostymedesignar Jasminda Asplund Blanco. Lys- og videodesignar Anders Ekman. Komponist og lyddesignar Simon Wimmer. Dramaturg Marie Persson Hedenius. Produsent Silje Vigerust Vinjar. Omsett til nynorsk av Ingelin Røssland. Produsert av Riksteatret i samarbeid med Det Norske Teatret.