Elvis '68 Comeback Special

Konserten som markerte Kongens retur til musikken fyller 50 år!

i 1961 heldt Elvis sin siste konsert på heile sju år. Manageren hans meinte at det ville vera best å fokusera på ei karriere innanfor film, og i denne prosessen blei den såkalla Presley Formula til – filmen promoterer albumet Elvis lagde, og albumet promoterer filmen. Elvis mista kontakten med musikken av å berre å laga musikk til film, og kvaliteten på songane han leverte blir sett på som lågare enn når han var på sitt beste. i 1967 tok Parker, manageren til Elvis, kontakt med sjefen for NBC og foreslo ein avtale som inkluderte en spelefilm, soundtrack og TV-spesial. Presley var i utgangspunktet negativ, men når dei rette menneska kom om bord og tok til å jobba fall bitane på plass.

TV-spesialen markerte ein ny epoke i Presley si karriere som inkluderte eit residency i Las Vegas over fem år som inkluderte over 800 konserter, i tillegg til vanlege turnéar i mellom slaga. Turnering sette preg på privatlivet til Elvis, og han skilte seg fra kona, Priscilla i 1973. Etter skilsmålet gjekk ting fort nedover og ein kombinasjon mellom legemiddel og ein vanvitig travel turnéplan kravde sitt frå den ikoniske songaren.

Filmen består av 90 minuttar konsertopptak og 20 minuttar intervju og gjennomgang av scenen hos NBC som lagde spesialen, samt intervju med Priscilla Presley og Steve Binder som produserte spesialen.

Premiere 16.08.2018

Billettar til Elvis '68 Comeback Special

  1. Mån 20. aug kl 20:00 175 kr   Storsalen Slutt 21:59 Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_