LYKKELIG - på ekte!
Billettar
Om arrangementet
Bli med på ein kveld som gir påfyll og glede.
Dette føredraget er fullt av triks og tips for meir kvardagsmagi og lukke. Heilt på ekte!
Er du ein av dei som synset at kvardagen blir for grå? Mistar farge etter lang tid med mørke, kulde og sidelengs regn?? Bli med å jag det grå på dør. Denne kvelden puslar me saman bitane for ein kvardag fylt med meir glede.
Livet inneheld flest kvardagr. Kva om du med små grep kan skapa meir farge og fest? Me lovar deg ein kveld proppa av verkty for meir glede og EKTE lukke, motgift til gugge, oppskrift på boblande kjensler og knep for kvardagsmagi. Føredraget gir deg påfyll til å komma i gong med dei små grepa som gjer ein forskjell. Ønskjer du deg meir av dette i din kvardag? Då er du hjarteleg velkomen til ein kveld i lag med oss.
Psykologane og forfattarane Janette Røseth og Emmeline Krogh Werner er opptekne av korleis enkle grep gir betre liv. Me vil hjelpa folk til meistring. glede og gode kvardagar. Saman er me gode på å gjera psykologisk kunnskap lett å forstå og å bruka, på ein heilt vanleg torsdag. Me er kjente for å dela raust frå eigne liv, samt for å få folk til å trekka på smilebanda gjennom å normalisera folkeleg galskap.
Les meir om oss her: https://www.facebook.com/mestringspsykologene.no/
www.psykologverkstedet.com
Me har skrive boka "Livssorg - Når livet ikke ble som du hadde tenkt" ( 2020). Jannette Røseth har i tillegg skrive bøkene "Livssorg i familen - Hvordan håndtere hverdagen når barna våre rammes" ( 2022) og "Prosjekt GLEDE" (2024)