Riksteatret: Det mørke fortet - Et Minecraft-eventyr

Om arrangementet

Ei spennande teateroppleving for deg som likar å spela Minecraft og for alle som har lyst på ei actionspekka familieframsyning om venskap, familie og det å stå på eigne bein. 

Vegard spelar Minecraft, men livet elles er drit. Han flyttar frå mora til storebroren sin og må klara seg sjølv, utan vener på ein helt ny stad.

Ein dag møter han Marah. Ho og venene hennar er på sommarleir og spelar Minecraft på kveldane. Vegard får prøva seg, men han brenn ned landsbyen deira og alt går gale. I det fjerne begynner eit truande, mørkt fort å reisa seg.

Vegard oppdagar at nokon er etter han. Ein som kjenner han altfor godt, og som gjer alt for å øydelegga.

Bli med til ei oppslukande verd der spel og verkelegheit smeltar saman!

Youtubar og gamar Jonas Lihaug Fredriksen spelar Vegard sin storebror saman med skodespelarane Arjan Nilsen, Albertine Lundgren, Siren Jørgensen og Maria Lingfors. Lokale barn og ungdommar bidrar som Minecraft-spelarar i kvar framsyning.

«Det mørke fortet» er ei familieframsyning frå Riksteatret der barna lærer om livet og dei vaksne lærer om barna.

Framsyninga passar spesielt godt for litt større barn.
Ikkje tilrådd for barn under 6 år.

Framsyningslengde: 2 timar (inkludert pause).

 

Urpremiere i Oslo, Nydalen 16. februar 2024

Turnépremiere i Molde 23. februar 2024

 

Av Frode Gjerløw og Håkon Dalsbø. Regissør Frode Gjerløw. Medregissør Håkon Dalsbø. Lysdesignar Elisabeth Kjeldahl Nilsson. Scenograf og kostymedesignar Gjermund Andresen. Komponist Raymond Enoksen. Videodesignar Thomas Gallagher. Minecraft-verdenen blir skapt av Skogliv. Dramaturg Mariken Lauvstad. Leiar for skodegamarar Raymond Corrado 

«Det mørke fortet» er ikkje eit offisielt Minecraft-produkt.