Ettermiddagskøntri med Berit Håpoldøy og Endre Olsen

Om arrangementet

Olsen & Jensens viseklubb

Kjærleiken til den klassiske køntrimusikken har ført askøyværingen Berit Håpoldøy og stordabuen Endre Olsen saman, og ut på så ulike scenar som Ole Bull Teater der dei spelar sin årlege hyllest til Dolly Parton og Kenny Rogers for fulle hus, Bergen Fengsel i god Johnny Cash-ånd, låvedansar i dei innerste vestlandske krokar og ikkje minst Berit Håpoldøy sine støtt utsolgte Country Saloon-kveldar på Madam Felle i Bergen.
Denne ettermiddagen tar dei med seg køntriduettane sine inn på pøbbscena, med eit heftig band i ryggen:
Erlend Styve (Twang gang, Heine Totlands rock n` roll circus): gitar og song
Kai Taule (Chickendales, The Nordic Floyd Show): bass og song
Einar Olsson (Casio kids, Silja Sol): trommer
Velkomen til ein ettermiddag fylt med songar av dei store country-låtskrivarane og nokre litt meir obskure, bluegrass og gospel og honkytonk om kvarandre.

20-års aldersgrense

350,- på førehand, 400,- idøra