Eva Weel Skram - Sleppe tak

Om arrangementet

Vårturné

Eva Weel Skram er ein av landets aller mest folkekjære artistar, og står bak ei rekke popklassikarar både på engelsk og norsk. Ikkje minst har Sogndalsjenta opparbeidd seg eit imponerande stort og trufast konsertpublikum over heile landet, etter å ha turnert meir eller mindre kontinuerlig dei siste fem åra.

Skram har sluppe to album med Norske tekstar, Finne heim fra 2018 og Sleppe tak fra 2021, som har hausta strålande kritikkar, og blitt omtalt som både «Brutalt ærlig» og musikalsk modent.  

«Eva Weel Skram har lenge vore ein av Noregs mest distinkte popartistar. Med albumet «Sleppe tak» ligg alt til rette for at ho skal bli allemannseige», skreiv Dagsavisen i si melding av sistnemnte album, noko som virkeleg kan seiast å ha slått til. Dei sterke låtane frå desse to albuma, har nemleg løfta Eva heilt opp i toppsjiktet av norskspråklege popartistar her til lands. 

I 2022 tar hun igjen med seg Sleppe tak på vegen, etter ein noko korona-amputert turné i 2021. Denne gongen blir det fulle hus! Velkommen på konsert.