Fagforbundet: Vidar Hansen

Om arrangementet

Vidar Hansen er rekna som Noregs leiande kroppsspråkekspert

Vidar har bakgrunn fra politiet, og han vert ofte kalla ofte Noregs svar på Sherlock Holmes. I 2010 fekk Vidar, saman med makkeren sin, politiprisen for mellom anna å ha pågripe flest kriminelle i Norge.

I 2020 ga Vidar ut boka «Kunsten å lese kroppsspråk» i lag med Siri Lill Mannes. Boka blei raskt ein bestseljar og er ute i sitt femte opplag og har selt over 20 000 eksemplar.

Føredraget "Kunsten å lese kroppsspråk" har fått utruleg gode tilbakemeldingar og det blei kåra til beste føredrag av deltakarar på ein internasjonal konferanse i Gøteborg.

I føredraget set han desse viktige tema i fokus:

  • Kommunikasjon
  • Auka medvit om eige kroppsspråk
  • Lesa andre sitt kroppsspråk

Eit føredrag med Vidar Hansen gir deg:

  • Betre kommunikasjonsferdigheiter
  • Oppdaga og identifisera det som blir sagt «mellom linjene»
  • Framstå med meir truverde og sjølvtillit
  • Påverka menneska rundt deg på ein positiv måte
  • Betre leiareigenskapar

Føredraget er både lærerikt, rørande, morosamt og underhaldande. Det du lærer i føredraget kan brukast både i arbeidslivet, men også i private samanhengar.