Finn Tokvam og Twang Gang

Om arrangementet

«Hest, fest og heimlengt!» - Countrysladder med Finn Tokvam og Twang Gang

Om du trudde at countrymusikken berre var sår og trist, så har dette firkløveret sett seg føre å motbevisa det, men kanskje tek vemodet dei til slutt? Den som møter opp får sjå og høyra! Finn Tokvam er kjend frå både radio og TV, og er forfattar og musikar på nasjonalt nivå. I denne konserten får de oppleve han saman med landets mest hardtsvingande rockabillyband, Twang gang frå Voss. Her får du både le og grina, og forhåpentlegvis lært noko nytt.