Folk og røvere i Kardemomme by

Om arrangementet

Årets barneforestilling er her!

Me i 3. klasse ved musikklinja inviterer til framsyninga Folk og røvere i Kardemomme by den 18-20. oktober! Me har sjølv gjort alt arbeidet: produksjon, musikalsk ansvar, regi, scenografi, kostyme, sminke og alt som høyrer til i èin slik produksjon. Med oss har vi god hjelp frå 2. klasse ved musikklinja.

«Herr Politimester! Dette går ikke lenger!» 

Thorbjørn Egners Folk og røvere i Kardemomme by handlar om den fredelege byen Kardemomme og om folka og dyra som bur der. Sola skin nesten alltid. Det einaste som forstyrrer nattesøvnen i den vesle  byen, er dei tre røvarane Kasper, Jesper og Jonathan, som «lister seg så stilt på tå» og skaper uorden i idyllen, og Pølsemakaren meiner at nok er nok, men Politimeister Bastian vil helst ikkje gjere noko, for røvarane har ei løve…

Forestillinga passar for alle aldrar, frå dei minste til dei aller eldste, så sett av datoen!