Isdronninga og Beverfamilien

Om arrangementet

«Isdronningen & Beverfamilien» Musikkteater skrive av Magdalena From Delis Musikk: Ian Kolstad 8 dec Tors. Kl.18.00 (x) 9 dec Fred. Kl.18.00 (y) 10 dec Lørd. Kl.15.00 (y) 10 dec Lørd. Kl.18.00 (x) 11 Dec Søn. Kl.15.00 (x) 11 Dec søn. Kl.18.00 (y)

Isdronninga og Beverfamilien er eit musikkteater inspirert av «Narnia»-bøkene. Det er ei historie om vondskap og godheit, og om å ta dei rette vala. Historia utspelar seg i den frosne krystallskogen til Beverfamilien, som saman med alle dei andre dyra lever under forbanninga som isdronninga Iselin har kasta over skogen. Dyra prøver å halda varmen under jorda, slik at dei kanskje ein dag får sjanse til å sjå våren igjen.

Isdronninga er eigentleg frå menneskeverda. Men etter å ha drukna i dei magiske elvestryka, landar ho i skogen. Då ho ikkje finn vegen heim, tek sinnet hennar over heile skogen og Iselin frys skogen til is. Det ingen veit, er at mannen hennar, dotter deira og tre søskenbarn òg hamnar i dei magiske stryka ein dag. Barna går seg vill i krystallskogen, der alle utanom Madeleine frys til iskrystallar. Som dottera til isdronninga, er Madeleine nemleg immun mot trolldomskunstane til mora.

Madeleine prøver å finna søskenbarna sine for å tina dei opp og ta dei med tilbake til menneskeverda. På vegen møter ho Beverfamilien og alle dei andre dyra i skogen, som i 100 år har levd under frosten til isdronninga Iselin og leitar dei etter måtar å tina skogen på – så dei igjen kan fanga vårgullet.

Finn isdronninga Iselin varme i hjartet sitt? Klarar ho å legga vekk sinnet, slik at dyra får skogen tilbake? Blir dei frosne barna tinte opp igjen, slik at dei kan vende tilbake til menneskeverda og onkelen? Svaret får du i dette magiske musikkteateret, skapt av Magdalena From Delis (manus) og Ian Kolstad (musikk).