Forfattarmøte: Det året eg vakna
Billettar
Om arrangementet
Sigri Sandberg kjem til Stord bibliotek onsdag 19. mars kl. 19:00!
Sigri Sandberg har i store delar av sitt vaksne liv skrive om natur og friluftsliv i ulike sjangrar og publikasjonar. Men ho meiner ho har vore for feig. Ho har fortrengt at skogane brenn, at havet stig, at me står til hoftene i ei natur- og klimakrise. Ho har fortrengt at ho sjølv er natur, og ho har tatt avstand frå si eiga frykt. I denne boka erklærer ho seg difor skuldig i feigskap. Ho skriv seg inn i frykta, og inn i fakta – og krisene me står i.
For kva er det eigentleg som skjer, og kva gjer det med oss? Sigri skriv seg gjennom eit heilt år, skriv frå der ho er: i nord om vinteren, ved fjorden om våren, ved havet om sommaren og på fjellet om hausten. Lesaren får i tillegg til ei personleg forteljing også geologiske, biologiske, psykologiske og filosofiske perspektiv på problema me står overfor. Men er det mogleg å gå inn i desse brennaktuelle krisene utan å velta sjølv? Ta elendet inn over seg utan sjølv å gå til grunne? Og finst det eventuelt ein sti vidare? Det prøver denne boka å svara på.
Etter føredraget vil ho delta i ein samtale leia av Svein Olav B. Langåker.
Arrangementet er eit samarbeid mellom Folkeakademiet Stord, Berekraftvekene på Stord og Stord bibliotek.