Gamle hus i fare? Debatt ispedd litt nørding
Billettar
Om arrangementet
Debatt om gamle hus som ulemper og ressursar.
Er gamle hus berre til bry?
Me har bustadmangel på Stord, som andre stader. Samstundes har me mange gamle hus og bygg som ikkje blir brukte.
Kva hindrar oss i å bruka desse bygga, og kva moglegheiter ligg i den sletne naborønna?
Kulturverndagane på Stord skipar til debatt onsdag 9. september på biblioteket. Kvelden er leia av direktør ved Sunnhordland museum, Nina Meldahl Olsen.
Du får høyra perspektiva til:
- Jane Jünger - politikar SV, seniorrådgjevar grønn regional omstilling UiB
- Liv Kari Eskeland - politikar H, arkitekt, eigar av gamalt hus
- Rune Jørgensen - tidlegare høgskuledirektør, eldsjel innan lokalt kulturvernarbeid
- John Håvard Livden - handverkar og lærar Bygg og anlegg Stord vgs
- Jo Kjetil Nielsen - arkitekt, JK Arkitektur
- Stian Engevik - entreprenør, dagleg leiar Stord Eiendomsutvikling
Faginnlegg ved Nils Eivind Horneland (arkitekt, Nordplan) og Ragnhild Tveit (Stord kommune).
Gratis og ope for alle. Her er både bransje- og lekfolk velkomne!
