AVLYST: Greg Niemczuk: Chopin i ord og tonar

Om arrangementet

Denne konserten er dessverre avlyst. Ny dato er 10.mai 2022.

Greg Niemczuk er ein av de fremste yngre pianistane i Polen. Han er fødd i 1985 og gjekk ut frå  musikkakademiet i Katowice med høgaste utmerking. No har pianisten heile verda som sitt verkefelt. Han har konsertert i dei fleste europeiske land –  Amerika, Asia, Afrika og Australia.

I 2010 vann Greg Niemczuk 1. pris i den store Chopin-konkurransen i Warszawa og han blir no rekna som ein av verdas fremste Chopin-tolkarar. I januar 2013 vann han Carnegie Hall sin debutantpris i skarp tevling med mange av verdas fremste instrumentalistar. 

Greg Niemczuk har alt eit stort internasjonalt namn. I si korte karriere har han spelt med fleire av dei  beste symfoniorkestra. Han har spelt konsertar i Noreg kvart år sidan 2010 og skal under denne vår-turnéen halda 16 konsertar rundt om i landet. 

Konserten har fått tittelen ”Chopin i ord og toner”. Greg Niemczuk vil her gi til beste eit program som inneheld dei mest virtuose, dei vakraste og dei mest kjente valsane, masurkaane, nokturnane, etydane og polonesane av Frédéric Chopin. Som Chopin-meister er det alltid ei heilt spesiell glede for han å formidla landsmannen sin musikk i utlandet. Kveldens krevande program vil til fulle visa Greg Niemczuk sin virtuositet og hans evne til å formidla kvart enkelt musikkstykke sitt særpreg og kjenslemessige djupne. 

Greg Niemczuk er ikkje berre ein eminent pianist, han er også ein unik pedagog og kåsør og held  meisterklassar ved Universitetet i Kristiansand og ved Norges Musikkhøgskole. Som alltid når han konserterer, vil han også denne gongen fortelja om den musikken han skal framføra. Dette gjer ein konsert med Greg Niemczuk til ei heilt spesiell og givande oppleving.

1.    avdeling

•    Polonese A-dur Op. 40 Nr. 1 “Militærpolonesen”

•    2 nocturner: b-moll Op. 9 nr. 1 - Ess-dur Op. 9 Nr. 2

•    2 etyder fra Op. 10: Nr. 1 C-dur og nr. 12 c-moll “Revolusjonsetyden”

•    Nocturne c-moll Op. 48 nr. 2

•    Scherzo nr. 2 b-moll Op. 31

2.    avdeling

•    Fantasi impromptu ciss-moll Op. 66

•    3 Mazurkaer Op. 50:

Nr. 1 G-dur. Nr. 2 Ass-dur. Nr. 3 ciss-moll.

•    3 Grand Valses Brillantes Op. 34:  r. 1 Ass-dur, nr. 2 a-moll og nr. 3 F-dur

•    Polonese g-moll

•    Polonese Ass-dur Op. 53 nr. 6 “Den heroiske”