Hildegunn & Leif-Per - UTAN KRINGKASTINGSORKESTERET

Om arrangementet

Endeleg er Hildegunn og Leif-Per Moltubakk tilbake i norsk showbiz!

Mykje har skjedd sidan Hildegunn & Leif-Per tok heile landet med storm frå 1998-2010. Frua frå Ulsteinvik har skilt seg frå ektemannen, Per-Leif, men ho vaskar framleis kleda hans. Ho har òg blitt bestemor til sju - og har endeleg greidd å fullføra ei etterlengta utdanning som mental-coach. Den litt meir sindige ekssvogeren, Leif-Per, er framleis  ein av Sunnmøre mest habile gitaristar, og er etter det rykta seier singel,  trass i at han har kjøpt seg hytte med vakuumtoalett. 

Denne gongen satsar radarparet frå Sunnmøre tungt på alle dei moglegheitene som melder seg når ein ikkje skal samarbeide med sjølvaste Kringkastingsorkesteret. 

Publikum og presse jublar for comeback-showet til revyfigurane «Hildegunn & Leif-Per», gestalta av komikarane Fredrik Steen og Ørjan Liavåg. 

Sunnmørsposten ga showet terningkast 5 og skriv mellom anna: 

«Duoen er så lekende også på dette planet at de durer innom en rekke sjangere, fra det smålune til det helt pompøse, som de bevilger seg sjøl og oss helt mot slutten. Ja takk, alle deler!»

«Tunge høstdager, treng dere på! Her skal du motstand finne.»

«Meget tekststerke, helt på hugget med timing, og med tydelige og svært gode karakterer.»

Gled deg til eit heilsprøtt show som ikke liknar så mye anna i den norske underholdningsbransjen!

Av og med Fredrik Steen og Ørjan Liavåg

Regi: Karina Aase

 

Varigheit: 1 time og 20 min.