Ingebjørg Bratland

Om arrangementet

Falturiltu er veldig glade for å avslutta festivalen med ei av stjernene blant Noreg sine liveartistar

Ingebjørg Bratland er kjent over heile landet for si vakre songstemme og eineståande formidling. 

Karriera til Ingebjørg byrja i ung alder i folkemusikkverda, men sidan har ho teke steget meir inn mot popuniverset. Ingebjørg går sine eigne vegar når det gjeld musikkval, noko som visar att når du ser på dei mest populære låtane hennar: "Fordi eg elskar deg", "Ingen som du", "Bror", "Jul i svingen", "Stjernene", "Vintersong". Her er det ei fin blanding av låtar Ingebjørg har skrive sjølv og som ho har tolka av andre. 

Ingebjørg har vore veldig aktiv på konsertfronten, og det er på høg tid at ho tek turen til Stord. Det er berre å sjå fram til ei uforgløymeleg stund i Stord kyrkje.