Jubileumsfest - stjerneglimt frå 20 år (18+)
Billettar
Om arrangementet
Falturiltu feirer 20 år! Det manglar ikkje på nynorske stjerner som har gjesta festivalen i løpet av desse åra. Nokre av dei får du møta denne kvelden når Falturiltu lagar sitt eige Lindmo-aktige pratesjåv med Røssland&Røssland. For kven er betre til å leia oss gjennom ei slik feiring enn dei to festivalforfattarane Tor Arve Røssland og Ingelin Røssland?
Saman får dei med seg pratesjåvdronninga Linda Eide, det forrykande husbandet Gabriels Novgorod og tidlegare festivalforfattarar Anna R. Folkestad og Terje Torkildsen.
Gabriels Novgorod stiller med originale tolkingar av hardsvingande finsk humppa, jiddisk tango og lengselsfulle valsar, nordsvensk swing (med kosakktrinn) og lærerike songar på tysk av Bertolt Brecht/Kurt Weill. Med innleving og temperament og kraftfull firstemt song. På eit utal språk!
BILLETTAR: Det er både enkeltbillettar, dagspass og festivalpass tilgjengeleg for Falturiltu 29. - 31. oktober i Stord kulturhus. Festivalpasset gjeld for alle arrangement i Stord kulturhus frå 29.10 til 31.10.
