Jul med Lubbenissane

Om arrangementet

Ei familieframsyning frå 4 år og oppover

Dinna tida før jul er travel for Lubbenissane. Da renne på med bestillingar. Store og små vil ha Lubbe til julepresang; "den beste presangen i heile vero». Men sjølv for ein Lubbenisse kan da bli i mesta laget med strikking og styr. Dei må ta seg tid til å leika litt for å få humøret opp. Og får dei ikkje minst ein krakkakos kvar dag så er det noko som manglar. Og rideturen med lubbehestane får smilet og sveitten fram.
 
I år har dei fått den største bestillingen dei noken gong har fått. Ja, større lubbe har dei aldri strikka før. Sjølv ikkje Go-lubbenissen, som er den flinkaste strikkaren i fabrikken, har mønster til ein slik lubbe. Så då er det berre ein ting å gjera…..og for å få greia på det:-kom og sjå Lubbenissane 2024 i Ungdomshallen.
 
Dei som er med: 
Go-lubbenissen: Mette Iren Solemdal. Litlelubbenissen: Live Oleanna Sumstad Øen. Lurelubbenissen: Helle Frugård Johnsen. Vikjolubbenissen :Vidar Vedå. Fjellgardslubbenissen: Bjørn Arve Lunde (manusforfatter)
 
Musikk: Rune Nilsen, Einar Steinkopf, Helge Håland, Bodil Vik
Lyd og lys: Erik Jørgensen
 
Ungdomshallen ligg øvst i Borggata