Kammeriltu - Sunnhordland kammerorkester (18+)

Om arrangementet

Sunnhordland kammerorkester samlar musikarar frå heile regionen – frå unge talent til røynde amatørar og profesjonelle – og er ein sentral del av det klassiske musikkmiljøet i Sunnhordland.

Under Falturiltu vil orkesteret opptre saman med Falturiltu sin festivalforfattar Tor Arve Røssland frå Kvinnherad til eit unikt samarbeid. På konserten får du høyra eit rikt utval av musikkstykke - mellom anna frå ein annan kvinnhering - komponist Knut Vaage. I hans komposisjon "I vrimmelen" møtest tradisjonell folkemusikk og samtidsmusikk, der songarar frå Stordøya kvedarlag blir med for å skapa den rette stemninga.

BILLETTAR: Det er både enkeltbillettar, dagspass og festivalpass tilgjengeleg for Falturiltu 29. - 31. oktober i Stord kulturhus. Festivalpasset gjeld for alle arrangement i Stord kulturhus frå 29.10 til 31.10.