Kari Bremnes

Om arrangementet

Endeleg kjem Kari Bremnes til Falturiltu!

Det enorme omfanget i konsertane til Kari Bremnes er ein av signaturane hennar. Frå det blendande lyse til det barkaste mørke. Nordvendt, ope, stort, personleg og melankolsk - er ord som alle kan knytast til Kari sin musikk. Og heile tida med den særeigne nærleiken til folk og lagnadar.

Kari Bremnes har skrive songar i 20 år og gjeve ut 15 soloalbum. Ho har i dag eit større publikum enn nokon gong, med fans i mange land og eit platepublikum over heile verda.

I Stord kyrkje opptrer Kari Bremnes saman med Bengt Egil Hanssen på tangentar.

Arrangement er i regi av Falturiltu og Stord sokneråd.

Foto: Per Heimly