Katten med hatten
Billetter
Billetter blir lagt ut i god tid før premieren
Om filmen
Originaltittel: The Cat in the Hat
Premiere: 2026-12-04
Varighet: 1t 40min
Sjanger: Komedie, Familiefilm, Barnefilm, Animasjon
Originalspråk: Original
Regissør: Alessandro Carloni, Erica Rivinoja
Møt Katten med hatten – som du aldri har sett han før! Frå den magiske fantasien til Dr. Seuss kjem Katten med hatten til det store lerretet i sin første animerte kinofilm – eit heilt nytt, episk eventyr der rampestrekar, magi og kaos rår.
Katten gjer det han kan best: spreier glede til barn på sin unike, morosame og uimotståeleg frekke måte, og tek publikum med på ei fantastisk reise gjennom ei verd dei aldri har sett før. I filmen får helten vår sitt tøffaste oppdrag hittil for I.I.I.I. (Instituttet for Institusjon av Inspirasjon og Imaginasjon, AS): å muntre opp Gabby og Sebastian, eit søskenpar som slit med å tilpasse seg etter å ha flytta til ein ny by. Katten er kjend for å ta ting litt for langt – og dette kan vere hans siste sjanse til å bevise kva han er god for … eller miste den magiske hatten sin! Regissert av Alessandro Carloni og Erica Rivinoja markerer «Katten med hatten» Warner Bros. Pictures Animations første helaftens kinofilm. Filmen kjem på kino 4. desember, med både norsk og engelsk tale.
