Høyt og lavt – En statusrapport fra Norges rikeste land

Om arrangementet

Med BAdesKen og Rune Nilson

Rune Nilson og Ken André Ottesen (BAdesKen) har slått seg saman for å fortelja deg korleis det eigentleg står til i Norges rikaste land. Den eine har begeistra radiolyttarar og tv-sjåarar med ugløymelege karakterar og dialektar. Den andre har reist land og strand rundt og hausta latterkuler på scener både høgt og lavt i det langstrakte landet vårt. Samstundes som han har regjert på sosiale medium med lun humor frå lokalavisene. Felles for dei begge er at dei elskar Norge. På godt. Og litt på vondt.

Ken André Ottesen/BAdesKen er totningen og avismannen som fekk utlaup for interessa for lokalnyhende på Instagram. Han har ein av Norges største følgjeskarer i sosiale medium og dei får dagleg små gulldrypp frå alt som rører seg, i heile det fantastiske landet vårt. I over to år har han turnért med showet «Ja, vi elsker dette landet».

Rune Nilson er mannen bak ei stemme du heilt sikkert har høyrt før. Han har vore programleiar for nokre av dei største radiosuksessane dei siste åra, mellom anna Lønsj, Kolafei og Landsmøte på P1. I tillegg har han leia både Sommeråpent og Ikke gjør dette hjemme på NRK1. Gjennom kontakt med lyttarane har han lært over snittet mykje om den norske folkesjela – i tillegg til at han er heilt rå på norske dialektar.